Informasjon og ytringer fra vår President Kåre Spilde

26.08.2015

Bilde
Treff 2015, Bømlo.

Som i 2014, er det også i år Arvid Stavland og Hallgeir Larsen som står for treffet. Stor takk til desse to ! Treffet på Bømlo vil bli gjennomført i helga 28-30 august.
I fjor var vi 4 deltakarar ,- i år er det det til no påmeldt 6 stk,- så prosentvis er jo dette bra, - men me har jo totalt sett hatt ein nedgåande trend når vi ser tilbake på «gullåra».
Vi fire som var samla på Ogge i 2014 hadde ei fin helg, med mygg og «beverdram». Det som nok er mindre kjent frå treffet på Ogge er at etter ein kveld med myggolje og beverdrykk, - vakna treffdeltakarane opp til ein rasert bålplass,- både solbriller, kamera, alt av flytande restar, og ikkje minst, - «bever-gralen» var sporlaust borte!
Var det Ogge beveren som hadde vore på ferde? Etter nærare undersøkingar blant både lokale og tilreisande, kom det fram at det nok hadde vore ein tobeint villmann på ferde. Skræmde «spikertelt- buarar» hadde vakna av bråk om natta,- i sikker posisjon bak blondegardinene hadde dei med vidopne auger stått og sett på herjinga,- men torde ikkje gå ut for å prøva stogga villmannen. Dei 4 treffdeltakarane som låg i telt 5 meter frå bålplassen,- hadde ikkje ikkje høyrt noko som helst ---------------.
Det vart rota i bålrestar og gått manngard i buskane etter dei bortkomne sakene våre utan resultat,- bortsett då frå tomme flasker, - inntrengaren hadde forsynt seg godt.
I bålrestane vart det funne noko som kunne likna «bever-gralen»,- det vart bestemt der og då at denne skulle restaurerast /modifiserast av Presidenten,- slik at tradisjonane kunne vidareførast på neste treff. Presidenten vil ta med seg resultatet til Bømlo,- for å å kunna gjennomføra ein FAT,- så får vi sjå kva resultatet av testen blir.
I år vil Presidenten saman med styret ta opp til vurdering om vi skal gå tilbake til det gamle navnet på treffet, nemleg «Valhall vedlikehald». Ein av grunnane til navnebytet var jo at det var «så mange» frå andre installasjonar som følte seg vonbrotne og «satt utanfor» når navnet Valhall var med,- ja,ja,- dei som skreik høgast har ikkje dukka opp enno ------,- så det ser ikkje ut som om nytt navn hadde nokon effekt ? Styret vil gjennomføre denne prosessen i løpet av treffhelga, - for dei invidde kallar Presidenten dette for «Blå-prent prosessen».
Ser fram til Bømlo treffet, Presidenten har budd på internat og gått på yrkesskule her,- men det er jo no 46 år sidan.
Vel møtt på Bømlo.
Helsing Presidenten
Kåre Spilde.

05.06.2014

Bilde
Treff 2014, Ogge

Først ein takk til treffansvarleg Jan O. Langås (ex Skarv ?) for gjennomføringa av «Viking-treffet» i Sandnessjøen 2013, presidenten og andre hadde ein fin tur nordover.

Ja, og til helga 6-8 juni skal årets treff på Ogge gå av stabelen.

I forrige veke vart eg informert om , frå treffansvarleg Arvid Stavland at det kun var fire påmeldte til 2014 treffet , - dette er inkludert Arvid og medhjelpar Hallgeir Larsen.

Om det er det at vi har skifta navn på treffet,- alder på deltakarane,- eller at det er presidenten som har skuld i at det er så få påmeldte skal vera usagt, - men her og no har eg bestemt meg for at om eg så blir den einaste treffdeltakaren i åra som kjem,- skal eg eg halda ut til eg blir pensjonist. Det kan jo vera greitt å ha på CV’en i åra som kjem.

I heimen har det denne friperioden gått meir eller mindre kun i å passa på den nye verdensborgaren på fire bein. Saka er det stolte navnet på den no 10-11 veker gamle «guten til far», type schæfer. Navnet Saka er er swahili og tyder jeger, og jakting er det frå tidlig til seint,- då mest på sokkar og småstein,- og alt anna som går å stappa i kjeften. Det har vore mange timar med såkalla «kvalitetstid»,- der vi rullar og krabbar rundt på plenen desse fine soldagane på sørlandet.

Erfaringa viser jo at det roar seg etter kvart, både med å krabba rundt på plenen og passa på lausøyre i heimen, - det er 6 år sidan vi hadde valp i huset sist, - og eg ser jo det at ein gløymer fort korleis dette var.

Litt motorsykkelkøyring har det jo også vorte tid til,- ein må jo få «lufta seg» litt. Det blir nok ikkje så mykje køyring som i «gamle dagar»,- og ein innser etter kvart at ein berre kan køyra ein sykkel om gongen,- denne sjølvgranskinga og derpå aksjon har ført til at eg i år har kvitta meg med to av motorsykklane eg hadde i garasjen, men det er framleis køyretøy nok til å koma seg på treff,- og det er jo det mykje av denne «lidenskapen» dreiar seg om. Så det er berre å klargjera for Ogge til helga.

Vel møtt på Ogge og «beverdram», i beverens rike !


Helsing Presidenten
Kåre Spilde

29.07.2012

Bilde
Treff 2012


Kommer frå garasjen, det går i motorsykkel om kveldane og hagearbeid om dagen,- været har vore så som så, men har hatt fine dagar i det siste.

Hadde ikkje trudd det vart noko treff i år,- mulig eg hadde tru på haustreff, men der tok eg feil.
Valgte som president å halda meg litt i bakgrunnen, sjølv om det drog ut med å fastsetta treffdato,- det var nok ikke det lettaste å finna dato så lenge det var planlagt med,- og høgt annonsert i 2011 av S.E.K (anonymisert) at det skulle ordnast med fly til treffet,- Dakota DC-3 kan vita !
Etter det eg har forstått har det vore ein heiktisk sesong for Dakota’en med mange ”airshow” då Norsk Militær luftmakt feirar 100 år i år, så det har ikkje vore lett for treffansvarleg å få datoane til å passa.
Vi får håpa vi får oss ein tur over Torp med Norge’s einaste flygande DC-3.

For dei som har sett på dei flotte bileta frå Geiranger-treffet i fjor,- er det spesielt eit bilete av presidenten m/”kamplue” som er noko spesielt,- eg trur,- om eg ikkje hugsar feil at presidenten demonstrerar ein loop som det heiter på flyspråket,- legg merke til augene og påvekrnad av G-krefter.
Eg tar med pengar og kamplua slik at eg er klar for litt jagarfly med Harvard AT-6 Texan frå 1942 !

Tilbake til garasjen, - snøfresen med varme i håndtaka (holkane) og lys vart ikkje brukt mykje sist vinter ,så reima holdt den i år !
Men i tillegg til snøfresen er det også laga plass til eit BMW ”cafe racer” prosjekt,- ei glinsande nylakkert ramme, rustfrie skruar og polert aluminium byrjar så smått ta form,- det blir spennande og sjå kva eg kan få til av ein gammal ”segen” R75/5 1973 modell,- i mine eigne augo og tankar blir dette flott 70-tals stil,- med ”bakflytta fotpinnsatsar”,- det er mykje nostalgisk mimring involvert i prosjetet.

Ser jo at det vore fint med ”fjesbok-profil”,- slik at ein kan legga ut skrytebilete kvar gong ein har montert ein ny skrue,- og drukke fire koppar kaffi,- men fjesbok har eg ikkje. Mogeleg at eg blir tvinga inn i dei banar no når Webmaster Kjell ”truar” med å legga ned eksisterande klubbside, dette for å ”modernisera” og fylgja med trendane i samfunnet kan vita!
Det blir spanande å dra denne diskusjonen vidare på treffet i år om skal vi på fjesbok eller ikkje,- er det fjesbok og nytt navn som skal til for at fleire likesinna klarar koma seg på det årliget treffet vårt ?

Vel møtt til treff 2012 alle som kan , og vil, prioritea ei helg i august saman med likesinna.

Helsing
Presidenten

10.03.2010

Bilde
Kjære motorsykkelvener!

Undertittel: Hovmod står for fall ?

Sit og kikkar på bileta frå siste års treff frå Kvingo i Masfjorden, - det er ikkje mykje som minner om det været vi hadde der og treffansvarleg Bjørn i kortbukser framfor grillen når eg kikar ut vindauget her eg sit, - der er det snøen som dominerar. Vi har fått vår del av den på sørlandet i år.
Eg vart den stolte eigar av splitter ny snøfres i år, - og det har eg ikkje angra på, eit gult vidunder på 350 kubikk, knappar for styring av elektriske ”aktuatorar” for snøutkast, varme i håndtak, elektrisk startmotor og halogenlys !
Har aldri hatt snøfres før,- men for ein motorkyndig motorsyklist som meg skulle vel det gå greitt, - har jo motorsykkel med 1150 kubikk og varme i håndtak.
Fresen vart ikkje mange dagar gamal før det gjekk skeis. Hadde jo mykje ”gamal snø” å bryna meg på etter 14 dagar offshore.
Eg var midt i fresinga då ”fruen” lokka med kaffi og vafler, - arbeidskaren måtte jo ha næring kan vita. Eg lot meg ikkje be to gonger , og parkerte godt inn i ein snøskavl, - 350 kubbikk og full gass skulle jo kunna takla det meste.
Kaffi pausen vart vel ein time den, -og så var berre og hiva seg i fresinga,- men den gong ei.
Merka det slurte litt når eg skulle kobla inn snøutkastet, men med 350 kubikk var det vel berre å gi på ! Det tok ikkje mange augneblink før røyken stod opp og det lukta svidd gummi. Fa----, der rauk den reima , - og masse byrgskap med den, - og eg som trudde at dette med motorar og kubikk på to hjul det kunne eg.
Hadde ikkje tilhengaren min vore innesnødd, ville eg ha køyrt fresen rett til forhandlar,- og leksa opp kor dårlige greier dette var.
Men det vart med tanken,- var nyfiken og starta opp med skruinga , fjerna reimdeksel og konstantera at reima var ”svidd av”. Men for ein motorkyndig var det no berre å skifta reim,- samstundes som tanken på om det var noko ”dritt” eg hadde kjøpt meg byrja snika seg inn.
Tok bilen og opp til forhandlaren for å få ny riem,- og den skulle eg søren ikkje betala for,- det hadde eg allerede bestemt meg for , for under demoen var det ikkje sagt no om at eg ikkje kunne parkera i snøskavlar,- då var det fokus på varme i håndak og kaste lengde på 15 meter.
Men dei hadde ikkje reim ! Modellen var så ny at dei ikkje hadde fått ”bygd opp” reservedelslager ! Samstundes fekk eg greie på at reimar varer ”årevis”, - og at eg måtte jo forstå at eg måtte sjekka at ”skruen” ikkje var frosen fast før eg starta fresinga ! Dette var nytt for meg som hadde forstått selgaren slik at denne maskinen klarte det meste, - men han sa ikkje noko om fastfrosen skrue! Då hjelper det ikkje hydrostat kobling og varme i håndtaka!
Ok, det skulle bli hastebestilling av ny reim, - eg reiste heim og såg for meg i tankane kva det betydde, - snøen lava ned og snøfresen min stod. Såg vel i grunnen for at reima til min fres kom med ekspress , - tenkte faktisk på helikoptertransport slik vi er vant med i vår bransje,- men den gong ei. Det tok 6 dagar ! 6 dagar for å skaffa ei reim, og snøen lava ned ! Eg tenkte i mitt stille sinn at dett hadde ikkje gått i Nordsjøen! Eg vart skikkelig opprørt, - men ved ettertanke var det nok mangelen på min kunnskap som såra mest og gjorde meg irritert. Tenk at eg kunne ”svi av” ei reim !

Og då er vi ved sakens kjerne. I fjor summar vart eg spurt av ein fyrstegongs båteigar om eg ville sjå på ein båtmotor som hadde stoppa, - den hadde gått dårligare og dårligare ,- før det vart full stopp.
Eg sjekka, - motoren stod bom fast, full skjæring, - eg peila olja, - ingen olje ! Eg fnyste, - og tenkte i mitt stille sinn at ”idiotar” som dette ikkje burde ha båt.
Sjekkar du ikkje olja ? Jau svarte eigaren, - det gjorde han kvar gong før han starta opp.
Å ? svarte eg ,- her er det ikkje ein dråpe olje! Jau, olbeholderen er full den , svarta han og viste meg oljekoppen til propellhylsa ! Det var der den forrige eigaren hadde sagt at han skulle fylle på olje! Eg har ”hovert” mykje med den historien, - men no etter at eg fekk meg snøfres vil eg nok vera meir forsiktig med det.
Skal ha det i tankane når eg køyrer motosykkel og, - vi er alle ein eller annan gong nybegynnarar.

Godtfolk! Ver klar til Rjukan 30.juni, sørg for at det er olje på motoren, og at det som skal gå rundt ikkje har satt seg fast i løpet av vinteren,- spør om det er noko du lurer på!
Eg setter min lit til at Arvid sørger for eit framifrå treff.

Vel møtt!

Presidenten

11.06.2008

Bilde
Kjære motorsykkelvener.

Treffet vårt nærmar seg med stormskritt, sjølv er eg seint ute med skriveriet mitt i år, men eg håpar Webmaster Kjell klarar å få det inn før treffet går av stabelen.

Kvelden etter eg kom heim no sist frå Valhall hadde eg ein fin kveldstur på BMW'en til Evje-traktene,- på Neset Camping var det den siste kvelden for det såkalla Bonus Treffet som var i tida 29. til 31.mai. Bonus treff ? Kvifor dette navnet ?

Henning Wathne som er/var meir eller mindre sjølvutnevnt til "Årets visepresident" såg ut til å styra dette med sikker hånd,- og deltakarane var ved godt lag. Legg merke til at Herr Wathne kun er "Årets visepresident",- og det er godkjent av Presidenten,- men vel å merke gjelder dette kun for årets treff då temaet om Visepresident ikkje er styrebehandla.

Når det gjelder årets "Bonus treff" var det det ein ting som gjorde presidenten litt uroleg (bekymring) , og det var den utstrakte bruken av mobiltelefon nokre av deltakarane dreiv på med,- dei lurte seg bak hytteveggen (mumla og lo) og vart borte i lengre tid ! Ein drar vel ikkje på treff for å snakka i mobiltelefon ? Her er det presidentensin sin opriktige meining at det sosiale saman med dei andre "Bonuskøyrarane" burde vore prioritert. Eg håpar vi slepper denne type bruk av mobiltelefon på Valhall Vedlikehald Motorsykkeltreff sitt 10 års jubileum som går av stabelen 18. til 20. juni,- men det var muligens fritt bruk av mobil telefon i seine kveldstimar som var bonusen ?

Årets "ekte" treff har eit spanande program med oppmøte allerede kl.12.30 øverst i Sirdalen,- presidenten får prøva å plotta dei riktige koordinatane inn på GPS'en ,- for så å sjå om dama frå Sunnmøre finner vegen denn denne gongen,- for det klarte ho ikkje i fjor, utan fleire "korreksjonar" undervegs.

Når det gjelder treffprogrammet ellers er det å finna fyldig informasjon andre stader på desse sidene.

Eg vil nytta høvet allerede no til å takka Rune, Willy og Tor Idar som har tatt på seg gjennomføringa av dette 10 års jubileumstreffet,-eg er sikker på at vi får fine dagar saman,- eg ser også fram til å møta motorsykkelvener eg ikkje har snakka med sidan treffet i fjor.

Diverre ser eg at Tom ,Goldwing køyrar med campingvogn,-ikkje kan koma i år,- forresten seier ryktet at campingvona er bytta ut med combicamp! Slå den,- det er ikkje sikkert det største er best (å dra på) likevel.Combicamp er vel ikkje stort større enn ein vanlig hengar, -og det har jo mange av Goldwingkøyrarane med seg på kvelds- og søndagsturane sine,- men med partytelt ,bord og stol treng ein jo litt baggasjeplass.

Det var synd at Tom ikkje kunne koma, -for dei som huskar frå fjorårets treff, og ide` dugnaden vi hadde med innspel og kommentarar til vedtektene våre,- huskar sikkert også at Tom fekk i oppgåve å systimatisera dette, samt koma med forslag på korleis deltakarane sine innspel kunne implementerast eller forkastast (då sjølvsagt med gode grunnar for dette og med fullgod tilbakemelding til forslagsstillar) i forslaget til vedtekter som vart fremma til fjorårets treff. Eg veit at Tom har brukt mykje tid på dette i året som har gått,- og eg er sikker på at han sjølv også synest det er leit at hann ikkje får høve til å presantera arbeidet sitt for oss alle. Eg håpar han kan bli med neste år,- og med dagens teknologi skulle det ikkje vera vanskeleg å "seiva" alt arbeidet på ein minnepenn.

BMW'en min er klar for tur,det same gjelder for teltet og soveposen,- velkomen til alle.

Presidenten.

07.08.2007.

Kjære motorsykkelvener.


Fyrst vil eg takka alle som tok turen til Sanda Camping, ein spesiell takk til arrangementskomiteen og alle fyrstegongsdeltakarane.

Vil også nytta høvet, endå ein gong,-til å takka "Webmaster" Kjell som har fått oss på nett, dette var ein milepel i arbeidet vårt for nå ut til alle som har interesse av å følga med i kva som "rører seg" innan Valhall Vedlikehald Motorsykkel Treff.

Treffet i seg sjølv er allerede omtalt på desse heimesidene, så eg skal ikkje gå nærare inn på det, men litt personlege tankar vil eg likevel koma med.
Tilbakemeldingane frå treffdeldakarane har vore gode,- og det er godt for ein President å kunna setta seg ned i etterkant å "mimra" litt over kor fint det er å vera President,- når gjennomføringa av treffet går etter planen.

Diverre gjekk det ikkje heilt etter planen for Sølve,- han var uheldig og slo hol i bunnpanna,- all olja rann ut på ein fortauskant på Utne !
For dei som ikkje har basiskunnskap i motorlære betyr det,- kort fortalt;- at utan olje på motoren er det ikkje lurt å køyra vidare. Sølve hadde denne kunnskapen, og fekk biltransport heim.
Ny bunnpanne er kjøpt og montert, - og eg reknar med Sølve klarar å koma seg heilt fram til treffplass neste år.

Forslag om å kjøpa inn ekstra bunnpanner til alle som skal på treffet neste år,- er forkasta av Presidenten.

Diverre har eg ikkje fått gå gjennom alle forslaga / tilbakemeldinga til vedtektene som vart diskutert og gitt skriftlig tilbakemelding på under treffet. Hovedgrunnen til dette er at Tom som var ansvarlig for å samle desse data , enno jobbar med å gjenopprette dei data han "brente" inn på minnepennen sin. Eg ynskjer Tom lukke til med dette arbeidet,- då her var mange gode innspel.

Valg av treffarrangørar for 2008 vart utført etter vedektene (1.2),- sjølv om Presidenten ikkje hadde fått med seg alle innspel frå kvelden før valget ,- vart dette klarert ut dagen derpå.
Ein stor takk for det storsinn som som vart vist av villige treffarrangørar for å få rydda opp i dette,- faktisk fekk vi ein vinn vinn situasjon ut av dette,- då to ulike forslag til treff vart slått saman til eitt.

Neste år er det 10 års jubileum, og det vil kreva mykje av arrangørane.
Arrangementskomiteen Rune,Tor Idar og Willy har allerede hattt sitt fyrste møte,- og planar er lagt. Det er fyrste gongen arrangørane er så tidlig ute med treffdato, det lovar godt,- og det skulla vera lett for alle med interesse for å koma, til å planlegge dette i god tid.

Datoen blir 18-20 juni 2008,- så det er berre å merka av i kalendaren allerede no, - og sørg for at sykkelen er klar til denne dato!


Ha ein fin motorsykkelsesong

Presidenten

12.05.2007.

Bilde
Kjære motorsykkelvener.

2007 vart det året Valhall Vedlikehald Motorsykkeltreff tok steget fullt ut og gjorde treffet internasjonalt kjent, tenker då på at vi kan takke Netland for at vi nett no er på nett !

2007 er også året for det tiande treffet, -og vi er tilbake til Sanda Camping kor det heile starta tilbake i 1998.

Det er godt å sjå at det er mange av oss frå den gongen som framleis er av den oppfatninga at det årlige treffet er verdt å få med seg.

For ein President med ambisjonar om at dette skal vera vera eit årlig treff som vil fortsetta så lenge det er olje og gass på Valhall feltet,- er det ei glede å sjå den gode rekruteringa vi har i år, -dette tyder på at kursen vi i felleskap har staka ut,- er den rette.

Presidenten vil oppfordra dei etablerte treffdeltakarane til å ta vel imot nykomarane, og sørga for rettleiing og hjelp i dei tillfella ein ser dette nødvendig.
Husk, du var gjerne også litt forvirra på ditt første treff.
Med den rette "treffinstillinga" håpar eg vi kan sikra oss at alle får ei positiv oppleving frå dagane vi skal vera saman,- og at ønsket om å vera med på neste års treff vil vera tilstades heimreisedagen.

I år som tidlegare er det deltakarar frå i fjor som har tatt ansvar for å arrangera treffet,- Presidenten sin rolle i dette har vore å godkjenna treffstad , samt å gå god for at dei som tar på seg å arrangera treffet, er i stand til å mestra oppgåva.
Som åra før, har dette fungert som tiltenkt også i år, arrangementkomiteen har lagt ned mykje arbeid for å få dette treffet i stand.

Presidenten vil takka arrangementkomiten for 2007, Kjell, Sølve og Ottar.
Ein spesiell takk til Kjell som har lagt ned mykje arbeid for å få oss på nett.


Ser dykk alle på Sanda Camping,- velkomen !

Presidenten
 Denne siden ble sist oppdatert 27/8-2015

 Del denne siden på Facebook: