Dumpar prisane til Eat Move Sleep cup

Med ynskje om mange deltakande lag til sin årlige EMS cup, vert prisane sett ned til kr.100.- for påmeldingsavgift.

Tambarskjelvar Fotball har arrangert Eat Move Sleep Cup (og tidligare Bendit Cup) sidan 2007. Cupen vår har vore ein fin avslutning på sesongen for dei yngste spelarane, i vår eigen klubb og naboklubbane, og vi har hatt mange lag påmeldt kvart år.

Påmelding til årets Eat Move Sleep Cup har ikkje gått slik vi hadde håpa, då få lag har meldt seg på førebels. Dette ser ut som ein trend til cupar i fylket den seinare tida, der blant anna Grodås Cup og Førde Cup har måtte avlyse på grunn av lite påmeldte lag.

VI DUMPER PRISEN TIL MAKS KR.200.- PR. LAG !!

Vi har eit ynskje om å arrangere årets cup med mange lag på Naustdal stadion helga 5-6 oktober, der vi veit at både dei unge spelarane og vaksne har kosa seg på Eat Move Sleep Cupen vår.
Då vår viktigaste drivkraft er at dei yngste laga skal få ein kjekk cup med flotte rammer, set vi ned påmeldingsavgifta KRAFTIG ned. Og vi håper sjølvsagt at MANGE lag kjem til vår fotballhappening på Naustdal stadion.

Våre nye priser vert slik:

3er fotball: kr. 100.- pr.lag
5er fotball: kr. 150.- pr.lag
7er fotball: kr.200.- pr.lag

INGEN SPELARAVGIFT!

Som tidligare år spelar alle laga fire kampar kvar og alle spelarane får fine premier frå BAMA. I tillegg får kvar spelar ein eigen Eat Move Sleep- medalje, spesiallaga til cupen på Naustdal stadion.

Påmelding til årets Eat Move Sleep Cup 

Sjå bilder frå tidligare Eat Move Sleep Cup (Bendit Cup) på Naustdal stadion.

 

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse