Tambar Fotball arrangerer Kongleriket Turnering 5.mai

Bilde: Frå Kongleriket Turneringa på Naustdal stadion i 2018.

Heile 80 lag er påmeldt til søndagens turnering.

Tambar Fotball arrangerer også i år Kongleriket Turnering, i samarbeid med Norges Fotballforbund Sogn og Fjordane og Sparebanken Sogn og Fjordane.

Turneringa går av stabelen søndag 5.mai, og er for fotballglade jenter og gutar i alderen 6-9 år. Årsklassane 6-7 år spelar 3er fotball, i nye 3er baner som Tambar Fotball kjøpte inn i haust. 8-9 åringane speler 5er fotball.
Dermed vil det gå seks kampar samstundes på Naustdal stadion på søndag, frå kl.10.00 til ut på ettermidagen.

Vi oppfordrer alle til å ta turen oppom stadion denne søndagen, og opplev fotballglede på sitt beste.
Heile dagen vil det bli salg av mykje god mat og drikke, frå kiosk og salstelt.

 

SJÅ KAMPOPPSETT

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse