God innsats av Tambar Fotball i helgas KM kvalik

Fire av sju Tambarlag vidare til KM sluttspelet på Sandane 2-3 mars.

Tambar Fotball beit godt ifrå seg under KM innandørs kvalifiseringa denne helga, der i alt fire av sju lag gjekk vidare til KM sluttspelet på Sandane 2-3 mars.
Den suraste nedturen hadde nok Tambar J14. Laget enda på 2.plass i si pulje etter dei innleiande kampane. I dei to puljene spelte dei tre beste laga i dei to puljene «finalekampar» for å sikre seg billetten til KM sluttspelet.

Kampen mellom Tambar J14 og Gaular 1 i «finalen» enda uavgjort både i ordinær til og etter ekstraomganger. Dessverre var det Gaularjentene som trakk det lengste strået i straffesparkkonkurransen.

Tambar G13 gjorde sine saker bra under KM kvaliken i Førdehuset. Laget enda på 2.plass i pulja si og kvalifiserte seg med det til KM sluttspelet.

G13
Førde 4-Tambar 0-3
Førde 3-Tambar 0-9
Tambar-Florø 0-7

Tambar G13 vart nummer 2 i pulja si og vidare til KM sluttspelet.

G14
Tambar-Florø 2-1
Førde 4-Tambar 0-5
Tambar-Førde1 1-2
Tambar-Førde3 8-0
Førde 2-Tambar 0-4

Tambar G14 vart nummer 1 i pulja si og vidare til KM sluttspelet.

Tambar G14 vart gruppevinnar, i pulje med fire Førdelag og eit Florølag, og er vidare til KM sluttspelet.

G16
Tambar-Gaular 1-0
Tambar-Florø 1-2
Førde 2-Tambar 1-2
Førde 1-Tambar 0-1

Tambar G16 vart nummer 2 i pulja si og vidare til KM sluttspelet.

J16
Tambar-Høyang 0-1
Askvoll/Holmedal-Tambar 0-2
Førde-Tambar 2-0
Tambar-Florø 2-0
Dale-Tambar 0-3

Tambar J16 vart nummer 2 i si pulje og er vidare til KM sluttspelet.

J13
Tambar-Stryn 0-1
Gaular 1-Tambar 4-1
Sandane 2-Tambar 3-0
Tambar-Førde4 0-7
Gaular 3-Tambar 2-1
Tambar J13 går ikkje vidare til KM sluttspelet.

J14
Førde 1-Tambar 1-0
Tambar-Førde3 3-1
Hyllestad-Tambar 1-3
Tambar-Gaular2 3-1
Gaular 1-Tambar 3-1 etter straffesparkkonkurranse, og Tambar J14 går ikkje til KM sluttspelet.

J15
Tambar-Florø 1-1
Førde 1-Tambar 5-1
Førde 2-Tambar 2-1
Tambar J15 går ikkje vidare til KM sluttspelet.

Tambar J15 hadde ikkje marginane på si side i kvaliken, og klarte desverre ikkje å kvalifisere seg til spel i KM sluttspelet.

 

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse