Regnfull Eat Move Sleep cup lørdag

Ungane kosa seg på tross av regnværet. Sjå bilder!

Det var knapt nok opphold då første dag av Eat Move Sleep cup vart arrangert på Naustdal stadion lørdag. Spelarane i alderen 6-10 år såg ikkje ut til å bli distrahert av regnet, og spelergleda var på topp gjennom heile dagen.

I morgon er det jenter og gutar i alderen 11-12 år som skal i aksjon, og skal vi tru værgudane, vert været betydeleg bedre søndag.

Under finn du nokre bilder frå dagens Eat Move Sleep cup.

 

 

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse