Klar for Eat Move Sleep cup 2018

Bilde: Premiene er klare til årets Eat Move Sleep cup.

Kampoppsett for 60 lag er klart

Tambarskjelvar Fotball arrangerer Eat Move Sleep cup (tidligare Bendit cup) for 12. året på rad komande lørdag og søndag.
Nærmare 600 jenter og gutar i alderen 6-12 år inntek Naustdal stadion desse to dagane, der det skal spelast til saman 120 kampar på 5er og 7er baner.

Som vanlig stiller BAMA med mykje sunn frukt og andre gode og sunne matvarer som blir solgt i salstelt og kiosken på stadion. Også i år vil alle deltakarane få flotte premier, både frå BAMA og Tambar Fotball.

Lørdag blir det spelt 5er fotball, medan 7er fotball er speleforma på søndag. Begge dagane startar kampane kl.10:00.

Vi ynskjer alle velkommen til Naustdal stadion denne helga!

Oversikt på lag, puljer og kampoppsett finn du her.

* Alle kampar lørdag
* Alle kampar søndag

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse