Tambar Fotball er klar for Kongleriket Turnering på søndag

91 lag, over 500 spelarar og 177 kampar. På Naustdal stadion blir det fotball frå tidlig morgon til sein ettermiddag på søndag.

Søndag 6.mai vert årets fyrste Kongleriket Turnering arrangert. Tambar Fotball var sist arrangør for denne populære turneringa i 2015, og er på ny arrangør til den fyrste som vert arrangert på Naustdal stadion søndag.

Kongleriket Turneringane er for gutar og jenter i alderen 6-10 år, og det vert spela 5er fotball i alle klassane.

Heile 91 lag frå Florø, Svelgen, Eikejord, Førde og Tambarskjelvar har meld seg på. Dette betyr at nærmare 600 unge fotballspelarar vil innta stadion denne søndagen.
Alle laga skal spele 4 kampar kvar, som betyr at heile 177 kampar vert avvikla denne dagen. Dei fyrste kampane vert blåst i gang allerede kl.09:00, og dei siste kampane for dagen vert blåst av kl.17:00.
For å halde styr på alt under kampane, stiller 12 klubbdommere frå Tambar Fotball.

Vi ynskjer alle velkommen til ein flott fotballdag på Naustdal stadion, der det som vanlig vil bli mykje godt å bite i frå salget i kiosken og salsteltet.

OVERSIKT LAG, KAMPOPPSETT OG DOMMERE

 

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse