Tambar J15 vann bronsefinalen i KM

Bilde: Bronsevinnarane Tambar J15. Foto: Stig Høynes, www.haugenfotball.no

Tambar G19 kom på 4.plass, etter tap i bronsefinalen.

Tambarlaga gjorde ein respektabel innsats under KM-sluttspelet, der to lag gjekk vidare til sluttspelet. Dei tre andre laga frå Tambar hadde ikkje marginane heilt på si side denne dagen, og rauk ut etter dei innleiande kampane.

Tambar J15 var best av dei fem Tambarlaga som deltok i KM-sluttspelet på Sandane lørdag. Laget tok seg heilt fram til bronsefinalen, der laget hadde små problemer å vinne mot jentene frå Kaupanger. Tambar J15 vinn bronsefinalen med konfortable 3-0, og kan fortent ta med seg bronsepokalen tilbake til Naustdal.

Tambar G19 tok seg også vidare til sluttspelet, etter å ha blitt det beste toer-laget i dei innleiande kampane. Gutane tapte mot Sandane i semifinalen, og var med det klar for bronsefinale. Her vart det ein jamn kamp mot Eid, som kunne ha bikka begge vegar. Dessverre for Tambargutane var det Eid som drog det lengste strået, og Tambar måtte nøye seg med den sure 4.plassen.

Tambar J13, Tambar G13 og Tambar G15 spelte mange gode kampar, og alle laga var svært nære med å ta seg vidare til sluttspelet.

BILDER FRÅ KM 

STREAMING lørdag
G13 Tambar-Stryn
(frå 27.min)
J15 Tambar-Vik
(frå 6.05.20)
G19 Tambar-Førde 2
(frå 7.52.40)

J13 – RESULTAT:
Stryn-Tambar 2-0
Tambar-Jotun 1-1
Gaular-Tambar 1-1

G13 – RESULTAT:
Stryn-Tambar 1-0
Tambar-Hafslo 4-1
Tambar-Atløy 3-2
Vik-Tambar 4-2

G15 – RESULTAT
Tambar-Tornado/Måløy 3-0
Florø-Tambar 2-0
Tambar-Jotun 1-0

J15 – RESULTAT
Tambar-Vik 0-1
Bjørn-Tambar 0-3
Tambar-Hornindal 2-1
Florø-Tambar 1-2
SEMIFINALE Førde 1-Tambar 2-1
BRONSEFINALE Tambar-Kaupanger 3-0

G19 – RESULTAT
Bjørn-Tambar 0-2
Tambar-Stryn 1-5
Tambar-Førde2 2-1
SEMIFINALE Sandane 1-Tambar 3-0
BRONSEFINALE Tambar-Eid 0-2

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse