Fem lag frå Tambar klar for sluttspel på Sandane

Bilde: Tambar G19 i KM sluttspelet 2017.

Alle fire Tambarlaga gjekk vidare til sluttspelet etter laurdagens kvalik. Verken J14, G14 eller J16 klarte å kome seg vidare til sluttspelet søndag.

Over halvparten av laga frå Tambar Fotball kvalifiserte seg til KM sluttspelet i Trivselshagen på Sandane, etter helgas kvalikkamper i Førdehuset og Fjalerhallen i Dale.
Av sju lag, klarte fire lag å kome seg gjennom «nålauge» og skal med det spele om KM tittel helga 3-4 mars.

Desse laga er kvalifisert: G13, J13, G15 og J15. I tillegg går Tambar sitt G19 direkte til sluttspelet.

Nære var også dei andre Tambarlaga i helgas kvalikkampar, men J14, G14 og J16 kom seg dessverre ikkje vidare til sluttspelet, etter å ha spelt sine kampar søndag.

Under finn du oversikt over alle laga frå fylket som kom til sluttspelet i klassane Tambarlaga er representert.

PS. I fjorårets KM sluttspel hadde Tambar Fotball både J14 og G19 i bronsefinale. Desverre vart det tap for begge laga.
Les meir og sjå bilder frå KM sluttspelet 2017.

G13
Jotun 1
Vik
Hafslo 1
Dale
Gaular
Tambarskjelvar
Førde 1
Stryn 1
Eid
Svelgen

G15
Jotun 1  
Lærdal  
Vik  
Sogndal 1  
Høyang  
Tambarskjelvar  
Florø  
Gaular  
Førde 1  
Stryn 1  
Skavøypoll
TMFK

J13
Kaupanger 1
Jotun
Syril
Hafslo
Førde 2
Førde 1
Tambarskjelvar
Jølster
Gaular
Stryn
TMFK
Selje

J15
Kaupangar
Vik
Jotun  
Bjørn
Tambarskjelvar
Førde 1
Florø
AHIL
Stryn  
Hornindal

Junior Herre
Bjørn
Sandane 2
Førde 1
Høyang
Tambarskjelvar
Vik
Førde 2
Eid
Sandane 1
Jølster
Stryn

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse