Best Tambar Cup 27-28 januar - kampoppsettet er klart

Bilde: Tambar G14 vann Best Tambar Cup i 2017.

Komande helg vert det på ny spelt fotball frå tidlig morgon og ut på kvelden i Naustdalshallen.

Komande helg går den årlige Tambar Cup av stabelen i Naustdalshallen, der jenter og gutar i alderen 13-16 spelar kampar frå tidlig morgon til tidlig kveld.

Cupen vert spelt som Futsal, og mange av laga bruker Tambar Cup til forberedelse til KM kvalifiseringa innandørs for aldersbestemte lag som vert arrangert 3. og 4. februar.

Her blir det mange spennande kampar, det kan vi garantere. I alle klassane vert det spelt sluttspel, der pokaler vil går til laga på dei tre fyrste plassane.

Vil du få med deg kampane, starter Gut 13 kl. 09.00 lørdag morgon, og det vil gå slag i slag med småjentene J13/14 som avslutter med sin siste kamp med finale lørdag kl.19.50.

Søndag morgon kl.09.00 er det gutane G15 sin tur, medag jentene J15 og gutane G16 spelar på ettermiddagen og avslutter med finaler kl.17.30 (J15) og kl.18:00 (G16).

Cupen er gratis for publikum, og kiosken med rikhaldig mat og drikke er åpen under heile cupen.

 

KAMPOPPSETT BEST TAMBAR CUP 2018

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse