Nok ein flott fotballdag på stadion - sjå bilder!

Tambarskjelvar Fotball har på ny gjennomført ei turnering vi kan være stolte av, då den 11.Eat Move Sleep (Bendit Cup) gjekk av stabelen på Naustdal stadion denne helga.

Årets Eat Move Sleep cup vart avslutta på Naustdal stadion sundag, etter to dager til ende med mange gode fotballkamper for gutar og jenter i alderen 6-12 år.
Sundag var det årsklassane 10-12 år som var i aksjon, der alle laga denne dagen spela 7er fotball.

Styret i Tambar Fotball har nok ein gong fått mange gode tilbakemeldingar for eit godt gjennomført arrangement, noko vi set stor pris på.
Tambar Fotball takker alle deltakarane for at fotballhelga vart så flott. I tillegg har foreldre til spelarane på Tambarlaga gjort ein framifrå innsats med salg og kutting av frukt.

Spelarar frå J2003 og J2004 + spelarar frå A-laget har teke dugnaden i Eat-MoveSleep-telta på strak arm. Våre unge dommarar som har dømt alle kampane desse to dagane, har gjort jobben sin framifrå.
Takk til alle saman!

Sjå bilder frå Eat Move Sleep Cup søndag


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse