Knall start på Eat Move Sleep Cup - sjå bilder

Stadion var i dag fylt med ivrige fotballspelarar i det flotte sommarværet, og alle fotballspelarane vart belønna med flotte premier etter sine fire kampar.

Det vart ein fantastisk dag på Naustdal stadion då Tambarskjelvar Fotball inviterte til fyrste dag av Eat Move Sleep Cup lørdag.

Denne dagen var det jenter og gutar i alderen 6-9 år som var i aksjon, der arrangøren takka værgudane for flott vær og sommartemperatur, og som gjorde at ramma rundt dagens cup vart perfekt.

Sjå bilder frå dagens cup


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse