Kampoppsett for Eat Move Sleep Cup er klart

I overkant av 600 fotballglade jenter og gutar i alderen 6-12 år vil komande helg innta Naustdal stadion, klare til å gi alt på fotballbana.

For 11.gang på rad arrangerer Tambar Fotball fotballcup i samarbeid med Norges Fotballforbund og BAMA. Frå 2007 var navnet på cupen Bendit Cup, og i 2016 vart navnet endra til Eat Move Sleep Cup.

I årets Eat Move Sleep Cup er det påmeldt lag frå åtte klubber, inkludert arrangørklubben Tambarskjelvar. Gutar og jenter frå klubbane Dale, Eikefjord, Florø, Førde, Gaular, Loen og Sogndal vil bli å sjå på Naustdal stadion denne helga.

Totalt er 66 lag påmeldt, der det vert spelt 5er fotball på lørdag for klassane 6-9 år, og 7er fotball for klassane 10-12 år på søndag.

Som vanlig vil det bugne av frukt på stadion denne helga, der BAMA leverer kvalitetsprodukter til cupen vår. I tillegg til frukta, vert det fleire salspunkt med mykje god mat og drikke desse to dagane.

Vi ynskjer alle velkommen til å ta turen oppom stadion for å sjå mange gode fotballkampar!

(Kampoppsettet er justert/endra 20.sept.)

LØRDAG 6-9 ÅR:
Puljer lørdag
Kampar Lørdag

SØNDAG 10-12 ÅR:
Puljer søndag
Kampar Søndag


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse