Tambarlaga med gode resultat i helgas Førde Cup

Tambarspelarar og trenarar kan være nøgde med innsatsen i helgas Førde Cup, der alle laga til Tambar nok ein gong bemerka seg på ein positiv måte.

Tambar stilte med fire lag i cupen i Førde, og med to lag i bronsefinalen i A-sluttspelet, eit lagt til topps i B-sluttspelet og G12 som nesten gjorde reint bord, vart det sportslig sett ei flott helg.

Sjølv om det var ein kortreist for Tambarlaga denne helga, var det også rom for ein sosial bit for fleire av laga. For sjølv om været ikkje spelte heilt på lag med arrangør og deltakarar, vart sundagen brukt til ein sosial happening for bl.a. småjentelaget. Dei tok turen til Kråkenesmarka mellom kampane, der både gocart, pizzaboller og kaker var på menyen.

Slik enda det for laga til Tambar:

G12 Vann fire av fem kamper.

J13/14
SMJ 13: Bronsefinale A-sluttspelet, 2-3 tap mot Førde 2.
SMJ 14: Vann finalen i B-sluttspelet 2-1 mot Dale.

G14
Tapte semifinale på straffesparkkonk mot Førde 1.
Vann bronsefinalen 2-0 mot Samnanger.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse