Førde Cup-kamp på Naustdal stadion lørdag kl.09:00

Om det er er nokon som er tidlig oppe og ynskjer å sjå fotballkamp i morgon, kan de møte opp på Naustdal stadion kl.09.00. Då går kampen mellom Bergenslaget Minde og Florø i klasse G14, og er ein kamp i forbindelse med helgas Førde Cup.

Grunnen til at kampen er flytta til Naustdal stadion, er at laget frå Minde har teke med seg feil fotballsko til Førde denne helga. Kampen dei skal ha mot Florø var oppsett på grasbana på Førde stadion, noko verken lagleiarar og spelarar hadde fått med seg. Å spele med kunstgrassko på naturgras i været som er meldt, kunne fort blitt to strevsomme omganger.

Både Minde og Florø speler i same pulje som Tambar G14, så kampen i morgon på stadion kan være grei å sjå for nokon av trenerapparatet til Tabmbar.

Tambar sine kampar i Førde Cup:

Gut 14 11er 
Lørdag: 
Kl.09:00 Tambar-Førde 3 (Hafstad) 
Kl.13:00 Florø-Tambar (Førde stadion kunst) 
Kl.18:00 Tambar-Minde (Hafstad)

Søndag:
A-sluttspel frå kl.10:00 
B-sluttspel frå kl.11:00


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse