Tambarspelarar på fylkeslag og sonelag

Fleire spelarar frå Tambar Fotball har vore ute og representert klubben vår denne helga, med spel på fylkeslag og sonelag.

Odin Svoen spelte heile kampen for Sogn og Fjordane Nasjonal G14 serie lørdag, då laget spelte mot Østfold på Fosshaugane Campus. Fylkeslaget vårt gjorde det svært bra mot austfoldingane og vann kampen 3-1.

Tambarspelarane Julie Øverland, Mathea Nigardsøy og Cerina Hjelle Cirotzki deltok på sonelagsturnering J13 i Hafstadparken lørdag, der Sonelag Sunnfjord møtte Sonelag Sogn og Sonelag Nordfjord.

Med 3-3 mot Nordfjord og heile 11-1 mot Sogn, med blant anna to scoringar av Cerina, vann Sonelag Sunnfjord turneringa føre Nordfjord og Sogn.

Eit skår i gleda for Tambar Fotball, var at Mathea vart skada under oppvarming til første kamp, og ikkje fekk spele.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse