Kampoppsett Tambar Cup 25.mars

Komande helg vert Tambar Cup for klassane 10-12 år arrangert i Naustdalshallen. Årets cup vert desverre arrangert utan jenteklasser, då berre to lag hadde meldt seg då fristen for påmelding var ute.
Dette gjer også at cupen vert arrangert på ein dag, lørdag, og ikkje både lørdag og søndag som planlagt.

Men vi trur det vert ein fin cup for dei i overkant 20 laga som deltek, der alle laga får spele fire kampar kvar og alle deltakarane vert premiert. Kamptid pr. kamp er sett til 14 minutter.

Kiosken vert åpen under heile cupen.

KAMPOPPSETT


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse