Tambar Cup G/J 10-12 år vert arrangert 25-26 mars

Tambar Fotball inviterer til den tradisjonelle Tambar Cup for jenter og gutar i klassane gut og jente 10-12 år. Cupen går som vanlig i Naustdalshallen og vert arrangert lørdag 25. og søndag 26.mars.

I utgangspunktet vert klasane G10 – G11 - J10/11 spelt lørdag, medan J12 og G12 spelar søndag. Men dette kan bli endra, utifrå påmeldinga i dei ulike klassane.

Cupen vert spelt som Futsal med 4 spelarar + keeper pr. lag på bana, med max 8 spelarar pr. lag. Speletida på kampane er sett til 11 minutter, og alle deltakarane blir premiert.

 

MELD PÅ LAG 

Sjå påmelde lag


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse