Keeperane Trine og Vidar redda Tambar - J14 og G14 til sluttspelet

Det var mykje bra fotball frå laga til Tambar Fotball som var i aksjon i lørdagens KM kvalik i Førdehuset, men dessverre vart det ein del «stang ut» for J13, G13, J15 og G15. Difor vart det ingen av desse laga som klarte å kome seg gjennom nålauge og vidare til KM sluttspelet på Sandane om ein månad.

Det vart derimot ein god dag for Tambarlaga som var i aksjon i KM kvaliken i Førdehuset søndag, der Tambar J14 og G14 spela sine kampar. To av spelarane som bidrog til vidare avansement, var Tambar-tvillingane Trine og Vidar (bilde). Begge var keeper for sine lag, noko dei gjorde på ein glimrande måte.

G14 laget vart puljevinnar, men måtte vinne semifinalen for å være sikker på å kome seg til KM sluttspelet ipå Sandane 4-5 mars. Dette greidde dei fint, og tok seg heilt til finalen. Her vart det 3-5 tap mot Florø, men er klar for KM sluttspelet.

Også J14 laget vann si pulje, etter tre seierer og ein uavgjort i Førdehuset søndag. Laget tapte knepent 2-3 mot Eikefjord i semifinalen og 0-1 mot Førde 1 i bronsefinalen.

Vi gratulerer begge laga med flott innsats og ynskjer dei lukke til i KM sluttspelet 4-5 mars. I tilleg stiller Tambar Fotball med Junior G19 i sluttspelet, som var forhåndskvalifisert.

Resultat søndag:

J14
Tambar-Florø 1-1
Førde 2-Tambar 0-1
Tambar-Hyllestad 3-0
Tambar-Jølster 3-2
Tambar-Eikefjord 2-3 (Semifinale)
Førde 1-Tambar 1-0 (Bronsefinale)

G14
Tambar-Gaular 1-0
Tambar-Jølster 2-2
Tambar-Førde 1 2-1
Tambar-Hyllestad 2-1 (Semifinale)
Tambar-Florø 3-5 e.e.o (Finale)

Alle resultat KM kvalik i Førdehuset

 


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse