Gull til Tambar J15 i Tambar Cup søndag

Tambar sitt J15 lag i klassen J15/16 vann finalen i Tambar Cup søndag kveld. Laget gjekk heilt til topps etter ein spennande og dramatisk finale som måtte avgjerast på straffesparkkonkurranse.

Dermed fulgte jentene opp den flotte prestasjonen småjentelaget hadde i Tambar Cup lørdag, då J14 tok bronseplassen.

Tambar hadde også to andre lag i aksjon under søndagens Tambar Cup, der begge dei to laga spela i klasse G15/16.

Både G15 og G16 spelte mange bra kampar mot varierande motstand, og nærast avansement til sluttspelet var Tambar G16. Men med to seierer og tre tap, vart det dessverre eit tap for mykje for å kome seg til semifinale. For det unge G15 laget vart det tøff motstand i fleire av kampane, men laget kunne oppsummere dagen med blant anna ein seier og ein uavgjort.

Tambar sitt J15 lag gjekk altso heilt til topps i Tambar Cup, etter ein spennande og dramatisk kamp. Etter å ha lege under to ganger mot finalemotstander Førde G15-1, jobba Tambarjentene seg innatt i kampen. Ved full tid var resultatet 2-2, og laga måtte ut i ekstraomganger. 
Ekstraomgangane vart mållause, og Tambarjentene viste seg som det beste laget i straffesparkkonkurransen, med blant anna strafferedning av Tambarkeeper og gode straffetakarar på Tambarlaget.
Vi gratulerer jentene, som var ein fin mix av 13-14-15 åringar, med ein framifrå prestasjon!

G15/16
Semifinle 1: Førde 1-Askvoll/Holmedal 4-1
Semifinale 2: Førde Sentrum-Dale 2-1
Bronsefinale: Dale-Askvoll/Holmedal 0-3
Finale: Førde 1-Førde Sentrum 3-2

J15/16
Bronsefinale: Førde J15-2-Askvoll/Holmedal 0-1
Finale: Førde J15-1-Tambar J15 2-2 (1-3 straffesparkkonkurranse)

 

BILDER TAMBAR CUP 2017 søndag


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse