God innsats av Tambarlaga i Tambar Cup lørdag

Tambar J14 kunne juble og løfte pokalen, etter ein fullt fortent 2-0 seier mot Førde Blå i Bronsefinalen i klasse J13/14.

Også J13 gjorde ein framifrå innsats i klasse J13/14, der laget vann ein, spelte ein uavgjort og tapte to, mot 14 års lag i sin pulje. Dessverre holdt ikkje dette til avansement til sluttspelet.

Førde Rød vann lørdagens Tambar Cup i klasse J13/14 etter at laget vann 1-0 mot Førde Kvit i finalen. Jentene på vinnarlaget var hakket bedre enn dei andre i denne klassen, og gjekk gjennom cupen utan poengtap.

I klasse G13/14 kunne det gode smågutelaget til Tambar heve den største pokalen over hovudet, etter å ha vunne over Førde City i finalen. Finalen vart ein jamn batalje i Naustdalshallen, der laga måtte til straffespark-konkurranse etter uavgjort etter ordinær tid og ekstraomganger.

Tambar G12, som deltok i klasse G13/14, gjorde ein framifrå innsats mot eit og to år eldre motstandere. Laget tok seg heilt fram til Bronsefinalen mot Førde United, ein finale som vart svært så spennande.
G12-laget spela ein god kamp, og kunne med litt meir tur avgjort kampen til deira fordel. Men med 1-1 etter ordinær tid, måtte det ekstraomganger til for å avgjere bronsevinnaren.
Her var det Førde Unided som drog det lengste strået etter ei tidlig scoring i ekstraomgangen.

Tambar G13 fekk ein god start på cupen, etter at lagt gjekk seirande ut i sin første kamp. Laget fekk det litt tøffare utover i cupen, og kom seg ikkje vidare til sluttspelet.

Resultat lørdag:
J13/14
Semifinale 1: Førde Kvit-Førde Blå 0-0 (3-1 str.)
Semifinale 2: Førde Rød-Tambar J14 1-0 
Bronsefinale: Førde Blå-Tambar J14 0-2
Finale: Førde Kvit-Førde Rød 0-1

G13/14
Semifinale 1: Førde City-Tambar G12 5-0
Semifinale 2: Førde United-Tambar G14 1-3
Bronsefinale: Tambar G12-Førde United 1-2
Finale: Førde City-Tambar G14 0-0 (1-2 str.)

 

NOKRE BILDER FRÅ TAMBAR CUP lørdag


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse