Tambar G14 vann Tambar Cup

Tambar sitt G14 lag i klasse G13/14 vann laurdag finalen mot Førde City, etter ein spennande og jamnspelt finale kamp.

Laga måtte ut i ekstraomganger, då laga ikkje klarte å avgjere dette i ordinær speletid. Heller ikkje i ekstraomgangen fekk vi nokon avgjerelse, og laga måtte gjere seg klare til straffesparkonkurranse.

Her viste Tambarlaget seg som det laget som hadde mest is i magen, og kunne sleppe fri jubelbrølet etter at straffekonkurransen gjekk i deira favør med 2-1.

Vi gratulerer laget med gull og ein flott innsats!


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse