Alle 6 laga til Tambar er vidare til sluttspel i Førde cup

Nok ein gong markerer Tambarlaga seg i den tradisjonelle Førde Cup i Førdehuset, der årets cup går av stabelen denne helga.

Heile tre av dei seks Tambarlaga stiller med er klare for A-sluttspelet, som starter søndag morgon kl.08.00. Desse laga frå Tambar Fotball er klar for A-sluttspelet: Småjentelaget, smågutelaget (Tambar 1) og Gut 19.

I tillegg er det andre smågutelaget G13/14 (Tambar 2), gutelaget G16 og jentelaget J16 klare for B-sluttspelet.

Det betyr at alle laga er vidare til A- og B-sluttspelet i årets Førde Cup. Aldri før har Tambar Fotball opplevd at ingen av laga er utslått før søndagens sluttspel.

 

 

Slik speler Tambarlaga sluttspelkampane:

J16 Kl.09:15 B-sluttspel ¼ : Tambar-Førde 2 BANE 1

J14 Kl.10:40 A-sluttspel ¼ : Tambar- Førde 2 BANE 1

G19 Kl.12:00 A-sluttspel ¼ : Bergsøy-Tambar BANE 3

G16 Kl.09:30 B-sluttspel ¼ : Gaular-Tambar BANE 3

G14 Kl.08:00 A-sluttspel 1/8 : Tambar 1-Førde 1 BANE 3

G14 Kl.13:00 B-sluttspel ½ : Tambar 2-Bergsøy 3 BANE 1


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse