Fin-fin Eat Move Sleep cup på Naustdal stadion

Nok ein gong vart det ei flott fotballhelg, då Tambar Fotball arrangerte Eat Move Sleep Cup på Naustdal stadion denne helga. Dette var 10.året på rad fotballgruppa arrangerte Bendit Cup/Eat Move Sleep, ein cup som har samla hundrevis av gutar og jenter i alderen 6-12 kvart år.

Etter nok ein vellykka fotballhelg i Naustdal, ynskjer styret i Tambar Fotball å takke foreldre som stiller opp på dugnad. Takk til flinke dommarar, gute- og jentespelarar som håndterte campen på ein flott måte og til premieutdelerane Markus og ordførar Håkon Myrvang. At sola kom til stadion denne helga også, gjorde at helgas fotballhappening vart so og sei perfekt.

Sjølv om styret i Tambar Fotball har lagt ned ein betydeleg jobb i forkant og under cupen, hadde vi ikkje klart å gjennomføre Eat Move Sleep Cup slik den vart gjennomført denne helga, utan den fantastiske hjelpa frå dokke.
Igjen, takk alle saman!!

BILDER FRÅ EAT MOVE SLEEP CUPEN


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse