EAT MOVE SLEEP-CUP på Naustdal stadion 1-2 oktober

Tambarskjelvar Fotball arrangerer fotballfest for gutar og jenter i alderen 6-12 år, når klubben inviterer til ny fotballcup på Naustdal stadion komande haust.

Vår populære Bendit Cup har bytta navn til Eat Move Sleep Cup. Cupen vil ligne på den vi har hatt før - den vil berre være enda bedre.

Vi i Tambarskjelvar Fotball er stolt av å få være ein av landets 39 Eat Move Sleep-ambassadører og dermed også arrangør av cupen.

Årets utgåve av den populære cupen, er den tiande i rekka der Tambarskjelvar Fotball samarbeider med BAMA og Norges Fotballforbund om å arrangere Bendit Cup/Eat Move Sleep-Cup. Fjorårets Bendit Cup i Naustdal samla 120 lag over to dagar, noko som betyr at godt over 1000 personer var innom Naustdal stadion den helga.

Sjølvsagt har vi trua på at like mange vil ta turen i år også, og kanskje får vi ny deltakerrekord til årets jubileums-cup?

Påmeldinga er allerede starta til EAT MOVE SLEEP-CUP på Naustdal stadion. Vi oppfordrer lag til å være tidleg ute med å melde på sitt lag for å være sikker på å få plass.

Som tidligere år vert det spel på små baner, der alle lag spelar 5er fotball.
Jenter/Gutar 6-9 år spelar lørdag.
Jenter/Gutar 10-12 spelar søndag.
MERK: Speledag kan bli endra utifrå antal påmeldte lag i klassane.
PÅMELDINGSFRIST: 22.september

 

MELD PÅ LAG TIL EAT-MOVE-SLEEP-CUP-NAUSTDAL


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse