Nok ein flott Best Tambar Cup i Naustdalshallen

Dei siste velfortente premiane vart delt ut når klokka hadde passert 19.30 søndag kveld, og ein lang, men kjekk fotballdag i Naustdalshallen var dermed over.

Best Tambar Cup 10-12 år er «vel blåst», og vi sit att med inntrykk av at både spelarar, trenarar og foreldre har kosa seg i hallen med mykje flott fotball denne dagen.

Styret i Tambar Fotball takker alle laga for deltakinga. Vi takker også foreldre og føresette som nok ein gong velvillig stiller på dugnad med baking, bakst og salg. Takk også til flinke klubbdommere som var med denne dagen.

Nokre av laga som deltok i Best Tambar Cup 10-12 år finn du i linken under. Nokre av laga var ikkje med på den felles premieutdelinga, og det er ikkje bilde av dei.

BILDER Best Tambar Cup 10-12 år


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse