Tambar/Eikefjord vart KM mestere i kveld

Tambar/Eikefjord vann i kveld finalen i klasse J15 i KM innandørs for aldersbestemte lag i Førdehuset, etter å ha slått jentene frå Eid med 2-0.

Jentene gjorde reint bord i storstova i Førde, og laget vart puljevinnarar etter dei innleiande kampane. I semifinalen vann laget 2-1 mot Dale og kunne gå av bana med ein fullt fortent seier mot Eid.
Vi gratulerer trenar og jentene med ein framragande innsats.

Tambar sine G13 gjekk gjennom dei innleiande kampane utan tap, vart nummer to i si pulje, og dermed klar for kvartfinale. Her møtte Tambargutane laget frå Sogndal, som fekk den beste starten på kvartfinalen. Sogningane gjekk opp i ein tremåls leiing, men Tambargutane slo tilbake og gjorde det spennande på slutten etter at dei utligna til 2-3. Dessverre vart det ikkje fleire mål til Tambar, og dermed var det Sogndal som sikra seg semifinaleplassen.

Tambar J13 fekk ein tøff start på KM sluttspelet, og måtte gå av bana med 0-5 mot Førde i sin første kamp. Men laget fekk litt bedre opplevelsar fråd ei andre kampane sine, og spela 0-0 og uavgjort mot Kaupanger og eit knepent 0-1 tap mot Sandane.

Tambar sitt juniorlag (G19) trudde dei ville få ein tøff start i KM sluttspelet, då Sogndal var motstander i deira fyrste kamp. Men Tambargutane tok raskt komandoen i kampen, og gjekk opp i 1-0 etter berre få minutter spel. Sogndal hadde egentlig lite å stille opp med mot eit heiltent Tambarlag, og gutane våre kunne lett vunne med meir enn dei tre måla dei scora.

Etter knepne tap mot Stryn 1 (2-3) og Høyang 2 (1-2) enda laget på tredjeplass i si pulje, og dermed ikkje vidare til kvartfinale (trudde vi). I ettertid viser det seg at Tambargutane alikevel kom seg vidare til kvarten, då Sandane hadde brukt ein ulovleg spelar, og Tambar då vart nest beste treer. Men då dette vart kjent, var allerede Tambargutane komne i dusjen heime i Naustdal ……..

 


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse