Fire Tambarlag spelar i KM sluttspelet i dag

Tambar Fotball er kvalifisert med fire lag når dei beste aldersbestemte laga i fylket skal gjere opp seg i mellom, og spel om KM tittel for gutar og jenter i alderen 13-19 år. KM for aldersbestemte lag går av stabelen i Førdehuset i helga, og dei fire laga frå Tambar Fotball speler alle sine kampar på lørdagen.

*G13 sin første kamp er mot Skavøypoll 2 kl.09.30. 
*J13 spelar sin første kamp mot Førde 1 kl.10.30.
*J15 starter mot Selje kl.14.45.
*G19 spelar mot Sogndal i sin fyrste kamp kl.17.00.

Vi håper mange tek turen til Førdehuset denne lørdagen, og heier på våre flinke gutar og jenter. Skulle du av ein eller anna grunn ikkje ha muligheit til å stille som heiagjeng, kan du fylje resultatoppdateringa på linken under.

Sjå puljeoppsett og resultatoppdatering


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse