Kampoppsett for Best Tambar Cup 10-12 år er klart

Best Tambar Cup vert arrangert søndag 6.mars i Naustdalshallen.

Egentlig vart det tenkt at cupen skulle gå over to dagar, lørdag og søndag, men med 27 påmeldte lag klarte arrangøren å avvikle Best Tambar Cup i klassane 10-12 år på ein dag.

Dermed vil det bli rimeleg folksomt i hallen, når over 200 fotballgutar og jenter samlast til futsal. Alle laga får spelt fire kampar kvar, og allerede kl.09.00 søndags morgonen vert fyrste kamp blåst i gang.

I desse klassane er det ikkje sluttspelkampar, og alle deltakarane vert premiert.

 

SJÅ KAMPOPPSETT


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse