Fire lag frå Tambar vidare til KM sluttspelet i Førde 5.-6.mars

Tambar Fotball har nok ein gong markert seg, denne gongen på parketten i KM innandørs for aldresbestemte lag. Sju lag frå Tambar har vore i aksjon denne helga, der dei har vist gode ferdigheiter og skapt spennande kampar i Fjalerhallen i Dale, Askvollhallen og Høyangerhallen.

Lørdag gjekk alle Tambarlaga som var i aksjon i kvalifiseringskampar, vidare til KM sluttspelet etter mange gode kampar. Søndag vart ikkje like god for laga våre, der både Jenter 16 og Gutar 16 hadde mykje utur og stang ut i Fjalerhallen. Ingen av desse laga vert dessverre ikkje å sjå i Førdehuset om ein månads tid, der det fort kunne ha bikka Tambars veg også i desse klassane i dag.

Tambar G14 kjempa i tetsjiktet under heile si kvalifisering i Askvollhallen, men enda til slutt på 3.plass i pulja, der dei to beste gjekk vidare.

I år stilte klubben med lag i juniorklassen, og dei «unge voksne» med a-lagstrenaren som lagleiar, spela sine kampar i Høyangerhallen i dag. Med fire jamne kampar, sneik laget seg gjennom det berykta nålauge, og juniorane vert med det å sjå i storstova i Førde i mars.

Fyljande lag frå Tambar Fotball er klar for KM sluttspelet i Førdehuset 5.-6.mars:

Jenter 13 (Lagleiar Jan Kåre Rygg)
Gutar 13 (Lagleiar Håkon Svoen/Geir Personbråten)
Jenter 15 (Lagleiar Tore Personbråten)
Gutar 19 (Lagleiar Geir Hoff)


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse