Flott KM kvalik lørdag - kampar KM kvalik søndag

Tambarlaga som var i aksjon i lørdagens KM kvalifisering for aldersbestemte lag, gjorde det svært så bra. For både Jenter 13, Gutar 13 og Jenter 15 kunne returnere til Naustdal med kvar sin pokal som bevis på at laga er klare for KM sluttspelet i Førdehuset 5.-6.mars.

Bilde: Tambar/Eikefjord J15. Foto: Ann Kristin Dobbe Personbråten.

Søndag skal fire Tambarlag prøve å kome seg gjennom nålauget, og prøve å sikre seg ein plass i KM sluttspelet. G14 spelar sine kampar i Askvoll, G19 i Høyanger, medan G16 og J16 spelar sine kampar i Dale.

Her finn du kampoppdatering søndag:

G14 (Askvoll)

G19 (Høyanger)

G16 – J16 (Dale)


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse