Best Tambar Cup for klassane 10-12 år vert arrangert 5.-6.mars

Tambar Fotball inviterer på ny til fotballhelg og Best Tambar Cup i Naustdalshallen. Denne gongen er det dei yngre fotballspelarane som står for tur, og invitasjonen går ut til jenter og gutar i alderen 10-12 år.

Arrangøren har bestemt at speleforma skal være futsal også i cupen for dei yngre spelarane, der det kanskje vert fyrste gong ein prøver denne speleforma for nokre av laga.

Cupen som vart arrangert i fjor var svært populær, og ein måtte då utvide frå ein til to dager for å få med alle påmeldte laga. I år går Best Tambar Cup 10-12 år over to dager, men ein har fortsatt begrensa plasser og kapasitet. Difor gjeld «fyrstemann til mølla» ……..

 

 

BEST Tambar Cup 10-12 år NAUSTDALSHALLEN 5.-6. MARS

Klasser LØRDAG:
G10 – G11 – J10/11

Klasser SØNDAG:
G12 – J12

Speletid: 11 min  Spelarar: 4+1 på bana, max 8 spelarar pr.lag. 
Premiering: Premie til alle deltakarane
Påmeldingsavgift: Kr. 800.- pr.lag. Ingen spelaravgift.
Påmeldingsfrist: 28.februar

 

MELD PÅ LAG HER

PÅMELDTE LAG

 

Regler Futsal


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse