Tambar G16 vann Best Tambar Cup etter straffekonk

Tambar sitt lag i klasse G16 vann i kveld Best Tambar Cup, etter at laget var best i straffekonkurransen mot laget frå Askvoll/Holmedal.

Etter full tid i finalen stod det fortsatt 0-0 på lystavla og laga måtte ut i 3 minutter ekstra omgang. Også i dei tillagte ekstraminutta var det måltørke for begge laga og fortsatt 0-0. Derfor måtte finalen avgjerast frå straffemerke, der Tambar trekte det lengste strået og kunne juble for årets mester i Best Tambar Cup i klasse G16.

Fleire av laga til Tambar gjorde ein god innsats denne fotballhelga i Naustdalshallen, og vi kjem tilbake med meir stoff og bilder etterkvart.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse