Kampoppsettet er klart

Det enda opp med 38 deltakande lag til helgas Best Tambar Cup i Naustdalshallen, med kampar frå kl.09.00 både lørdag og søndag.

Årets Best Tambar Cup vert denne gongen arrangert som futsal, ein speleform som ikkje har vore praktisert på cupar og turneringar i Naustdalshallen tidligare.

Både jentelasse J15 og J16 blir ikkje å sjå på cupen denne helga, då berre Tambar/Eikefjord hadde meldt på lag i klassane då fristen var ute. Men dei tøffe Tambar/Eikefjordjentene let seg ikkje stoppe så lett, og er ikkje snauara enn at dei spelar i guteklassen G15.

Kvar kamp varer i 11 minutter, der kvart lag stiller med fire utespelarar + keeper ute på bana.

Lag frå Florø, Eikefjord, Førde, Jølster, Gaular, Askvoll/Holmedal og Tambar deltek, og arrangøren ynskjer laga og alle andre velkommen til ei flott fotballhelg i Naustdalshallen.

Kiosken er åpen under heile turneringa.

SJÅ KAMPOPPSETT

Kampoppsett endra 19.01.16
Endring: Florø Blå er komen til i klasse G14 Pulje 1. Kampstart for alle kampar er endra/forskyvd.

 

SJÅ DOMMEROPPSETT


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse