37 lag påmeldt til Best Tambar Cup komande helg

Totalt 39 lag hadde meldt seg på til neste helgs Best Tambar Cup i Naustdalshallen når fristen gjekk ut fredag kveld.

Dessverre var det berre Tambar Fotball som hadde meldt på lag i klassane Jenter 15 og Jenter 16, så naturleg nok vert det ikkje spelt i desse klassane. Dermed står arrangøren att med 37 lag til denne årvisse cupen.

Dei andre klassane spelar sine kampar slik:

LØRDAG:
Gutar 13
Jenter 13
Jenter 14

SØNDAG:
Gutar 14
Gutar 15
Gutar 16

Kampoppsett vil bli klart like over helga, og blir lagt ut her på heimesida når det er klart.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse