"Fotballfest" på stadion for tiande året på rad

Tambarskjelvar Fotball kunne like før jul glede seg over nok ein oppløftande og fin julegåve frå BAMA og Norges Fotballforbund. For tiende året på rad kan Tambar Fotball invitere til to dagers fotballfest på Naustdal stadion, etter at bekjeden kom om at vi også i år har fått tildelt Bendit Cup.

Tidligare Bendit Cup har no skifta navn til EAT SLEEP MOVE CUP, og Tambarskjelvar Fotball vert med tildelinga eit av fleire Eat Sleep Move Ambassadør 2016.
I tillegg til Tambarskjelvar Fotball, skal også Sogndal og Hornindal arragere Eat Sleep Move Cup dette året.

Som Eat Sleep Move Ambassadør vil det også bli stilt større krav til klubbane, blant anna at det vert jobba med holdningar og sunne verdier gjennom heile sesongen.

«Norges Fotballforbund og BAMA har saman lansert Eat Move Sleep konseptet. Dette konseptet kjem til å bli meir og meir synlig i åra som kjem. I forbindelse med dette skal fotballen ta eit mykje større ansvar i forhold til å gjære Norge sunnere.

Som Eat Move Sleep Ambassadører og Eat Move Sleep Fotballcup arrangører vil klubbane få ein svært viktig rolle i dette arbeidet.»

Årets tildeling av å bli Eat Sleep Move Ambassadør var meir krevande enn tidligare år, då BAMA og Norges Fotballforbund har valgt å redusere antal arrangører ytterligere i år. Totalt 39 arrangører fordelt over heile landet blir det i 2016.

Meir info om Eat Sleep Move Cup på Naustdal stadion vil kome etterkvart. Men sett allerede no av datoen for nok ein fotballfest på stadion, som er lørdag 1.oktober og søndag 2.oktober.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse