Best Tambar Cup vert arrangert 23.-24. januar

Tambar Fotball inviterer på ny til fotballcup i Naustdalshallen, og arrangerer tradisjonen tru BEST Tambar Cup for gutar og jenter i alderen 13-16 år helga 23.-24.januar.

Cupen vert arrangert som futsal, og kan for mange av laga være ein god forberedelse til KM kvaliken som går av stabelen to veker seinare. Både KM kvalik og sluttspel vert i år arrangert som futsal, for fyrste gong i aldersbestemt innandørs KM.

På grunn av banekapasiteten i Naustdalshallen må arrangøren av BEST Tambar Cup sette begrensingar på antal lag, der det vert spelt innleiande kampar og sluttspel i alle klasser. Det vert påmelding i reine klasser, og det er sett eit tak på max 12 lag i kvar klasse. Her gjeld det å være tidleg ute med påmeldinga, "fyrstemann til mølla" gjeld.

I fyljande klasser kan ein melde på lag:

Gut 13
Jente 13
Gut 14
Jente 14
Gut 15
Jente15
Gut 16
Jente 16

Speletid: 11 min
Spelarar: 4+1 på bana, max 9 spelarar pr.lag.
(Ein spelar kan berre berre spele på eit lag i samme klasse).
Premiering: Pokal til lag nr. 1-2-3 i kvar klasse.
Påmeldingsavgift: Kr. 1000.- pr.lag. Ingen spelaravgift.

 

 

SJÅ PÅMELDE LAG


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse