Tambar stiller med to lag i Futsal-KM senior

Når påmeldingsfristen til Futsal-KM senior var ute, hadde 33 herrelag og 6 damelag meldt seg på. Av desse stiller Tambar Fotball med to herrelag i Førdehuset lørdag 5.desember.

Dei fyrste kampane starer kl.10.30 lørdags føremiddag, der det vert spelt på tre baner samtidig. Kamplengda er 13 minutter pr. kamp, og det vert benytta håndballmål.

Nummer 1 og 2 i kvar pulje går vidare til sluttspelet, i tillegg til dei fire beste trear-laga. Vinnar av finalen kan hente heim ein pengepremie på kr.6000.- + pokal og diplom, medan tapande finalist får kr.3000.-

Tambar sine lag er komen i fyljande puljer:


PULJE 2:

Årdal 1
Gaular 1
Stryn 3
AHIL
TAMBAR 2

PULJE 6:

Stryn 1
Førde 3
Bremanger 2
Atløy 1
Anga
TAMBAR 1

 

Sjå alle puljer og kampoppsett Futsal-KM senior


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse