10 åringane til Tambar gode i Futsalturneringa

Også Tambar sine G10 spelarar deltok i Futsalturneringa som vart arrangert i helga. Gutane som hadde ein flott sesong i seriespelet, fortsette å imponere med hall-fotball i Gaularhallen på søndag. Trener Svein Nordheim oppsummerer lagets deltaking slik:

" Tambar G10 på Futsalturnering i Gaular.

Første futsalturneringa for våre G10 gutar gjekk av stabelen søndag i Gaulars nye flotte hall.

Gutane var satt opp med 3 kampar, og det viste seg fort at dei hadde eit godt opparbeidet grunnlag i form av mange gode treningar innandørs.

Dei møtte i tur og orden Gaular 2, Førde 2 og Gaular 1. Tambar dominerte i alle 3 kampane, og viste til tider flott spel. Og med seiersresultatene 7-0, 4-0 og 1-0, så er dei solide både bakover og fremover.

Alt i alt, ei flott turnering med Gaular IL som ein god arrangør. "


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse