Futsal turnering: Tambar G14 nesten til finalen

Den fyrste futsal-turneringa for spelarar i alderen 10-14 år vart arrangert i dag. Tambar sine lag har vore i aksjon både i hallen på Sande, og i hallen i Høyanger.

Tambar sitt eldste lag, Gut 14, som spela sine kampar i Høyanghallen, gjorde sine saker bra, og var nære på å gå heilt til finalen. I semifinalen mot Jølster 2 var stillinga 0-0, og ekstraomganger måtte til for å kåre ein vinnar. Her trekte Jølsterlaget det lengste strået, og vann kampen 2-0.

Lagleiar Bjarte Røyseth fortel om god innsats frå samtlige Tambarspelarar, som gjorde ein framifrå jobb ute på bana.

Tambar G14 sine kampar:

Tambar-Dale 3-0
Førde 1-Tambar 0-1
Tambar-Hyllestad 4-4

Semifinale:
Jølster 2-Tambar 0-0 (2-0 e.e.o)

Bilde: Frå Førde Cup tidligare i haust.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse