Futsal 10-14 år - kampoppsett er klart

Den fyrste, av i alt tre, futsal turnering for gutar og jenter i alderen 10-14 år går av stabelen søndag 22.november.

Om lag 130 lag er påmeldt til denne nye turneringsforma, som Sogn og Fjordane Fotballkrets er ansvarleg for.

I Sogn er det 57 lag som er fordelt på handballbanene i Vik, Balestrand og Øvre Årdal. I Sunnfjord er det 53 lag som er fordelt handballbanene i Høyanger og i Gaular, medan det er 21 lag påmeldt frå Nordfjord, som spelar på handballbana i Nordfjordhallen.

Tambar sine lag speler sine kampar i Gaular og Høyanger, der klasse J11 går ut på grunn av for få påmelde lag.

SJÅ KAMPOPPSETT


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse