Smågutelaget vann sølv i Førde Cup

Smågutelaget tok sølv i helgas Førde Cup, etter at laget tapte 2-4 mot Førde 1 i finalen i A-sluttspelet i dag. Laget vart med det det beste Tambarlaget under cupen i helga, der trenarane Håkon Svoen og Geir Personbråten var svært nøgde med prestasjonane til dei to smågutelaga.

Det yngste smågutelaget gjekk vidare til B-sluttspelet, men møtte sterk motsatnd i 1/8 finalen søndags morgon, der det vart 1-6 tap for Førde 7.

Jentelaget Tambar/Eikefjord og trenar Tore Personbråten måtte skuffa gå av bana etter at laget tapte bronsefinalen i A-sluttspelet 2-4 mot Bergen Nord/Hovding. Laget som gjekk gjennom dei innleiande kampane utan tap, vann ein jamn kvartfinale mot Gaular med 2-1. I semifinalen spela jentene ein av sine beste kampar, men måtte til slutt innsjå at Balestrand var meir effektive og gjekk av bana med 3-1 seier.

Begge gutelaga til Tambar gjekk vidare til B-sluttspelet, og gjorde unna sine 1/8 finalar lørdag kveld. Her gjekk Tambar 2 vidare med 7-3 seier mot Eikefjord, medan Tambar 1 vart utslått etter 0-4 tap mot Tjørvåg. I kvartfinalen til Tambar 2 søndag føremiddag, var det snipp-snapp-snute for dette laget også, etter eit knepent 1-2 tap mot LGFK/Gjerdsvika 1. Dette laget gjekk heilt til topps i B-sluttspelet, etter 3-1 mot Førde 2 i finalen.

Nok ein gong markerer Tambarlaga seg under Førde Cup, med gode lag og spelarar som representerer Tambarskjelvar og Naustdal på ein framifrå måte. I tillegg er det kjekt å sjå alle foreldre og andre som stiller opp for å støtte Tambarlaga, dette veit vi dei unge spelararne set stor pris på.

Resultat frå Førde Cup:

G14, Tambar 1:
Førde 8-Tambar 1 6-1
Tambar 1-Førde 11 1-1
Bergsøy 5-Tambar 1 0-3
Førde 7-Tambar 1 6-1 (1/8 finale)

Tambar 2:
Førde 9-Tambar 2 3-1
Tambar 2-Voss 1 8-2
Førde 5-Tambar 2 2-2
Bergsøy 2-Tambar 2 1-2 (1/8 finale)
Jølster 2-Tambar 2 0-1 (semifinale)
Tambar 2-Førde 1 2-4 (finale)

G16, Tambar 1:
Tambar 1-Jølster 0-2
Førde 2-Tambar 1 2-1
Tambar 1-Balestrand 2 6-0
Sotra 2-Tambar 1 3-2
Tjørvåg-Tambar 1 4-0 (1/8 finale)

Tambar 2:
Tambar 2-Førde 1 2-6
Askvoll/Holmedal-Tambar 2 4-1
Tambar 2-Lindås 1-0
Tambar 2-Eikefjord 7-3 (1/8 finale)
Tambar 2- LGFK/Gjerdsvika 1 1-2 (kvartfinale)

J16:
Tambar/Eikefjord-Gaular 1-0
Tambar/Eikefjord-Førde3 3-0
Tambar/Eikefjord-Larsnes 3-0
Tambar/Eikefjord-Bergen Nord/Hovding 4 2-1
Tambar/Eikefjord-Gaular 2-1 (kvartfinale)
Tambar/Eikefjord-Balestrand 1-3 (semifinale)
Tambar/Eikefjord-Bergen Nord/Hovding 2 2-4 (bronsefinale)


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse