Alle Tambarlaga vidare til A- eller B-sluttspelet i Førde Cup

Det vart ein bra dag for Tambarlaga i Førde Cup laurdag, der alle laga kom seg vidare til A- eller B-sluttspelet.

Jentelaget Tambar/Eikefjord var heilt suverene i si pulje, og gjekk gjennom dei fire innleiande kampane med seier i alle kampane og 8-1 i målskilnad. Jentene er dermed klare for A-sluttspelet på søndag.

Meir spennande var det då det eldste smågutelaget vann pulja si. I den siste og avgjerande kampen lørdag kveld kunne dette bikke begge vegar. I den jamne pulja ville Tambar ende sist om dei tapte mot Førde 5, medan laget ville ende som puljevinnar med minst uavgjort.
I ein spennande kamp mot Førdegutane enda kampen 2-2, og laget kunne dermed gå av bana som puljevinnar og spel i A-sluttspelet.

Begge gutelaga kvalifiserte seg til B-sluttspelet etter lørdagens kampar, og spelte sine 8.dels finalar lørdag kveld.

Tambar 1 fekk ein dårlig start i sin kamp, der laget fekk to kjappe mål i mot tidlig i kampen. Laget, som stilte utan innbyttere, klarte ikkje å sette dei mange sjansane sine, og Bergsøy kunne til slutt gå av bana med 4-0.

Bedre gjekk det med Tambar 2 i sin 8.dels finale mot Eikefjord. Litt spenning var det i starten av kampen då laga følgde kvarandre til 2-2. Men etterkvart tok Tambar 2 totalt over og leika seg inn til ein solid 7-3 seier og avansement til kvartfinalen.

I tillegg gjekk også dei yngste smågutane, Tambar 1, vidare til B-sluttspelet etter å ha hamna på ein fin 3.plass i si pulje. Laget spelar 8.dels finale søndag morgon.

A-sluttspel lørdag, Tambarlaga:

10:20 1/8 finale: G14 Bergsøy 2-Tambar 2
12:00 1/8 finale: J16 Gaular-Tambar/Eikefjord

B-sluttspel fredag/lørdag, Tambarlaga

1/8 finale: G16 Tambar 1-Tjørvåg 0-4 (fredag)
1/8 finale: G16 Tambar 2-Eikefjord 7-3 (fredag)

08:30 1/8 finale: G14 Førde 7-Tambar 1
11:00 ¼ finale: G16 LGFK/Gjerdsvika 1-Tambar 2

 

Alle kampar i sluttspelet og resultat


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse