Bendit Cup i Sogndal 24.-25. oktober

Den andre Bendit Cup turneringa i fylket vert arrangert i Sogndal 24.-25. oktober, og Sogndal Fotball inviterer gutar og jenter i alderen 6-12 til nok ein kjekk Bendit Cup.
Sogndal Fotball har vore flinke å delta på Bendit Cup i Naustdal dei siste åra, og vi oppfordrer lag frå Tambar Fotball til å ta turen til Sogn denne helga.

Kampane blir spelt i Sognahallen, Fosshaugane Campus og Kvåle. 6 år - 8 år spelar 5-ar kampar kun søndag. Minimum 3 kampar à 17 min. 9 år - 10 år spelar 5- ar kampar begge dagar. Minimum 4 kampar à 17 min. 11 år - 12 år spelar 7-ar kampar begge dagar. Minimum 4 kampar à 17 min. 6-10 år spelar 5-ar kampar. 11-12 år spelar 7-ar kampar.

Årets turnering går også i år over to dagar, og i samband med dette tilbyr me overnatting for dei laga som ynskjer dette. Inkludert i overnattinga er middag og frukost.

PÅMELDINGSFRIST: FØRST TIL MØLLA, MEN SEINAST 2. OKTOBER. Heile turneringa vert avslutta med OBOS-kampen Sogndal - Sandnes Ulf (KAMPSTART KL 14.00 MRK TIDA) for dei som ynskjer dette. Meir info og påmelding: http://www.sogndalfotball.no/bendit-cup


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse