Kjempeflott Bendit Cup-helg på Naustdal stadion

Tambar Fotball leverer nok ein gong, då Bendit Cup vart arrangert for niende året på rad på Naustdal stadion lørdag og søndag.
Totalt deltok heile 114 lag desse to dagane, noko som er deltakar-rekord for Bendit Cup Naustdal. Svært gledeleg var det at heile 48 jentelag var med å sette sitt preg på årets cup, der ein for fyrste gong ikkje måtte slå saman jenteklasser på grunn av lite påmeldingar.
Sjølv om finværet uteblei denne helga, fekk arrangøren mange tilbakemeldingar på at laga var nøgde med å være tilstades på denne populære cupen. Kampavviklinga gjekk som vanlig knirkefritt, der klubbdommarar frå Tambar Fotball losa laga trygt gjennom alle 230 kampane (!).

Foreldre og føresette er heilt avgjerande i desse store arrangementa som Bendit Cup er. Med salgstelt og kiosk som skal betjene 800-900 små og store kunder pr.dag, går det heitt føre seg både ved steiketakka og pølsegrytene desse dagane.
Og at lapskausen frå BAMA, som var ny av året, var så god, hadde vi ikkje trudd. Tydelegvis meinte mange det same, for alt vart utsolgt i helga. Tambar sitt jentelag stilte begge dagar med ansvar for frukta frå Bama. Her vart det delt og lagt i fruktkorger frå tidlig til seint, noko som tydeleg var populært utifrå salget av desse.

Priemieutdeling på skikkeleg vis er sjølvsagt viktig for spelarane på laga ..... Og for trenarane og foreldre. Det er stas å gå på podiet for dei unge spelarane og motta dei velfortente premiene sine på høgtidlig vis, medan trenarar, foreldre og andre tek vare på minnene med bilder av dei flinke fotballspelarane.

Nytt i årets Bendit Cup, var eplesmaking. Her fekk alle smake på fire ulike epletypar og skulle sei si meining og kva dei tykte smakte best. Av to norske og to utenlandske eplesortar, var det Norske Discovery som kom sigrande ut av konkurransen.

Ballkunstner og triksemester Carl Martin Storøy var ein populær kar, då han hadde show både lørdag og søndag. Her flokka både store og små seg rundt scena då han viste kva han kunne gjere av trick med fotballen.

BILDER (Foto: Frank Cirotzki og Øystein Ullaland): https://picasaweb.google.com/111734810312800259114/BenditCup2015


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse