Bendit Cup: Nytt kampoppsett er klart

Nytt kampoppsett for Bendit Cup på Naustdal stadion er no klart. Med godt over hundre påmeldte lag, vil det bli folksomt på stadion komande lørdag og søndag.
Over 230 kampar vil bli gjennomført desse to dagane, der cupen startar kl.10.00 begge dagar. Turneringa er for gutar og jenter i alderen 6-12 år, og Tambar Fotball har hatt god påmelding av lag i dei åtte foregånde åra klubben har arrangert denne populere cupen.

Kampane blir spelt som 5er fotball på 5-6 småbaner, der vi har hjelp av eigne klubbdommere til å styre kampane. Fleire salstelt og kiosk kan friste med mykje god frukt frå BAMA. I tillegg kan ein få kjøpt seg vafler og lappar, pølse og pizzabrød, kaffi og anna drikke.
Nytt av året er salg av lapskaus frå eige salstelt. Her skal ein kunne sette seg ned å nyte maten, med utsikt til kamparenaen.

Vi har bestilt bra vær til denne flotte fotballhelga i Naustdal. Så det er berre å ta turen og sjå glade og energiske gutar og jenter leike seg med ballen.

KAMPOPPSETT Bendit Cup Naustdal (direktelink): http://www.profixio.com/resultater/bendit-cup-naustdal-2015 Bendit Cup Naustdal infoside: http://www.benditcupnaustdal.info/


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse