Bendit Cup: Endringar i kampoppsett

På grunn av mykje rot i påmeldingar frå fleire av laga, må vi desverre sette opp eit heilt nytt kampoppsett for Bendit Cup Naustdal.
Beklaglegvis vert det mykje arbeid med dette, då fleire av laga må fjernast og fleire av puljene må settast opp att på nytt. Mange vil bli berørt av dette, og vi beklager so mykje. Men dette er noko vi ikkje har råda over.

Nytt kampoppsett gjeld både lørdag og søndag, så kampoppsett som ligg ute må ein berre sjå vekk i frå. Vi håper å ha nytt oppsett klart tidligast onsdag kveld.

Vi informerer her på heimesida, på facebook-sida (https://www.facebook.com/Tambarskjelvar-IL-Fotball-319713400579/timeline/) og Bendit Cup-sida (http://www.benditcupnaustdal.info/) når nytt kampoppsett er klart.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse