Ny deltakar-rekord i årets Bendit Cup Naustdal

Bendit Cup Naustdal går av stabelen lørdag 19. og søndag 20.september, og påmeldingsfristen er no ute. I år er det niande året på rad Tambar Fotball er arrangør av Bendit Cup. Cupen har vore ein populær cup for dei nærliggande klubbane, der antal lag har lege jamt på 90-100 deltakarlag. Difor er det gledeleg å sjå at årets Bendit Cup enda opp med deltakarrekord på heile 119 lag, fordelt på klubbane Førde, Florø, Gaular, Atløy, Kvammen, Jølster, Høyang, Sogndal og Tambarskjelvar. Med 800-900 fotballglade jenter og gutar, pluss trenere, foreldre og andre, får vi «stinn brakke» på stadion desse to dagane. Som vanleg blir det godt utvalg av mat og drikke i kiosk og salgstelt, der det i år vil bli utvida til to salgstelt + kiosk. Også i år skal det bugne av frisk, god og billig frukt frå BAMA, som blir solgt i salgstelt og elles rundt om på stadion. Nytt i årets Bendit Cup var muligheiten for påmelding til 3er fotball for 6 åringane. Her var det få påmeldingar til den nye speleforma, og dei tre påmeldte laga vil bli slått saman med 7 åringane. Også i klasse G12 var det svært få påmeldingar, berre to lag. Dessverre må denne klassen gå ut frå årets Bendit Cup Naustdal. Elles er det svært gledeleg å sjå at nesten halvparten av dei påmeldte laga er jentelag. Tidligare har det vore litt tynt i rekkene på jentesida, men årets påmelding av jentelag gjer at vi slepp å slå saman klasser. Styret for Bendit Cup Naustdal har allerede starta jobben med kampoppsettet, men det vil ikkje bli klart før om eit par dagar. Det som er klart, er kva dag dei ulike laga spelar, og det vil bli sjåande ut slik: Lørdag: J6/7 - J8 - J9 G6/7 - G8 - G9 Søndag: J10 - J11 - J12 G10 - G11

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse