Bendit Cup Naustdal: Allerede 67 lag påmeldt

Tambar Fotball arrangerer tradisjonen tru også denne hausten Bendit Cup på Naustdal stadion, ein cup som kvart år har hatt god oppslutning frå dei lokale klubbane.

Også i år, som er det niende året på rad Tambar Fotball arrangerer Bendit Cup, kan det sjå ut som om vi får mange påmeldingar. Allerede to månader før påmeldingsfristen går ut, har 67 lag meldt seg på fotballfesten på stadion.
Gledeleg er det å sjå at mange jentelag allerede har meldt seg på, der om lag halvparten av dei påmeldte laga er jentelag.

Bendit Cup Naustdal er ein populær cup for mange klubbar, der fleire av laga avslutter sesongen sin med fotballhelga i Naustdal. Bendit Cup mønstrer jenter og gutar i alderen 6-12 år, der samtlige deltakarar får flott premier frå BAMA.

Antal påmeldte lag til Bendit Cup Naustdal har lege stabilt på mellom 90 og 100 lag, og rekorden er 106 lag.

Meir info, bilder 2007-2014, påmeldte lag og påmeldingsskjema: http://www.benditcupnaustdal.info

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse