Flott Kongleriket Turnering på Naustdal stadion i går

Tambar Fotball arrangerte nok ein gong ein prikkfri fotballturnering, då Kongleriket Turneringa gjekk av stabelen på Naustdal stadion søndag.

Sjølv om det var langt frå sommartemperatur og følelse av sommer var ganske så fråværande, var vi tross alt heldig med været denne dagen. Sola var faktisk på visitt opp til fleire gonger i løpet av turneringsdagen, og heller ikkje dei få regndråpane som kom, la nokon demper på fotballgleda frå dei unge spelarane.

Nok ein gong viser staben av foreldre og andre føresette at dugnadsånda fortsatt er til stades. Og i kiosken og salgsteltet var det stort sett kø heile dagen, der steiketakker og kaffitraktere jobba raudglødande.

Også dommarane fortener litt skryt etter denne dagen. På trass av litt fråfall frå nokre dommere, stod dei unge klubbdommarane på heile dagen og var flinke å veilede dei unge fotballspelarane.

BENDIT CUP:
Vi minner med det samme om neste fotball-happening i Naustdal, som vert arrangert 19.-20. september. Då blir BENDIT CUP arrangert på Naustdal stadion, som er den niende i rekka for Tambar Fotball sitt vedkommande.

Vi anbefaler lag som ynskjer å delta på BENDIT CUP om å melde seg på allerede no. Tidligare år har vi hatt stor pågang av lag som ynskjer å delta.
BENDIT CUP er for gutar og jenteren i alderen 6-12 år.

Meir info om BENDIT CUP NAUSTDAL med blant anna bilder frå Bendit Cup på grusbana (!), info om årets cup og påmelding, finn du her: http://www.benditcupnaustdal.info/

BENDIT CUP NAUSTDAL 19.-20.SEPTEMBER: http://www.benditcupnaustdal.info/

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse